Utgivelsesår: 2005
Melodiøs black/viking

Tracklist:
01. Sumar
02. Heimferdi
03. Skoddefjellet
04. Natt ved Kyndilstjern


Mistur


Liknende band

 

Mistur "Skoddefjellet"

Omtale - 12.10.2005 - Skrevet av: Anders Wow. Dette er vel noko som kan kallast ein ganske så ultimat Windir-worship, men attpåtil ein ganske så bra ein. Her fekk eg faktisk eit positivt ”jøss” for meg då eg høyrde dei fyrste strofene. Og endeleg (og gledeleg) ein demo med eit anstendig antal låter. 4 er for faen meir enn nok, alle dykk andre tullingar! Demoen byrjar med ein heilt grei intro. Mistur kallar den Sumar, og det er i og for seg ein helt grei tittel, då tonane er både muntre og sumarlege. Som sagt, heilt ok, og setjer stemninga for vestlandsk/Windirske-tonar vidare gjennom demoen. I andrelåta kan ein allereie godt høyre Windir-inspirasjonen. Mistur har ca. alt Windir hadde – og minnar mest om ei finfin blanding av Arntor og Likferd. Eg legg merkje til at denne demoen har veldig god lyd, og faktisk klarar Mistur òg å syngje reint, noko som eg sjelden har vore borti når det gjeld demoband. God driv i musikken, samt heilt fin feel, groove og flow. Dei varierar før alt blir for langsamt, og unngår monotonitet og slikt. Eg likar rett og slett denne melodiøse black/viking-metallen ganske så godt, om eg skal vere heilt ærleg. Eg likar det aller meste – lyden, musikken, vokalen (både den kvesande og reine), samt at trommene er programmerte på ein heilt grei måte. For det tredje sporet gjeld det same: god musikk tvers gjennom. Tekstane er òg, i god vestlandsmetall-ånd (Mistur kjem ifrå Kaupanger), skrive på nynorsk/dialekt – uten at dei er det heilt store. Siste låt er ein arrangert folketone, men eg skal ikkje påstå at eg har høyrt han før. Ei grei avslutning på ein ganske så fin demo.

Mistur får ein sikkert høyre meir frå.


http://www.raunehaug.net/mistur
--/10